Hareid historielag har samla gått inn for å protestere på dispensasjonssøknaden frå Salmar Organic om oppstart av lakseoppdrett i Brandal. I merknaden frå historielaget til Hareid kommune slår ein fast at planane om lakseoppdrett vil gå sterkt ut over interessene til grunneigarar, folk som nyttar området til fiske, samt den allmenne bruken av eit stort område i Brandal.
– Planane vil truge gamle rettar som har solid historisk forankring, til dømes lakserettane. Dette er planar som Hareid historielag av fleire grunnar vil gå sterkt i mot, heiter det i merknaden.
Plasseringa er problemet
Tysdag møtte Vikebladet Vestposten Finn Sindre Eliassen og Einar Holm frå historielaget i Brandal.
Holm forklarer at dei på ingen måte er negative til industri eller oppdrett, men at plasseringa og storleiken på det aktuelle anlegget i Brandal er eit problem. I tillegg til at sjølve oppdrettsanlegget vil vere større enn tidlegare, så vil forankringa for anlegget nå om lag frå Kvitneset og inn til moloen i Brandal.
– Eg fekk meg ein vekkar og trur også mange andre gjorde det når ein såg omfanget på kartet i avisa, fortel Finn Sindre Eliassen.
Holm og Eliassen fortel at både lag, foreiningar og enkeltpersonar har byrja å arbeide for å vise motstand mot anlegget, som dei trur vil ha negativ påverknad for dei som bur eller nyttar området, og i tillegg vil kunne hindre vidare utvikling i bygda.
Ynskjer eit klart nei
– Det var ei tabbe å gje løyve til det anlegget som har vore her, meiner Holm som fryktar for framtida for eit av dei mest brukte naturområda i Hareid kommune.
– Det er få stader ein vil gripe så mykje inn i naturen for å gje rom for eit oppdrettsanlegg. Om heile dette området går med, så vil det vere svært små tilgjengelege område med urørt strandsone att i kommunen, seier Holm.
Historielaget fryktar også for at gode fiskeområde skal gå tapt.
– Om planane vert gjennomførte står den to kilometer lange strekninga frå Brandal sentrum til Kvitneset i fare for å verte sperra for alt fiske. Dette er eit av dei beste fiskeområda vi har her ved kysten vår. Det må seiast eit klart nei til ei kvar utviding av eit oppdrettsanlegg som endå til ligg i sentrum av Brandal, slår dei fast i merknaden til Hareid kommune.
– Det er gode fiskeområde også utanfor Kvitneset, men då er ein mykje meir avhengige av vêret. Inne i Englandsvika er det mykje lunare og godt fiske både på sjøen og med stong frå land, fortel Einar Holm.
Alltid ulemper
Brynjulf Stige bur delar av året i Brandal og delar i Bergen der han arbeider ved Grieg-akademiet. Han meiner det nye anlegget høyrest ut som ein dårleg idé.
– Mykje av folket i bygda nyttar området utover her. Kvitneset er ei naturperle og vert også nytta av mange som ikkje er frå kommunen. I tillegg vil det ikkje vere noko visuell pynt med eit slikt anlegg og enkelte som har budd ved liknande anlegg fortel at støyen kan gå utover nattesøvnen. Det er alltid ulemper med slike anlegg og eg er redd for at det gir lite tilbake til kommunen, fortel Stige som også ynskjer å kome med motsegn til kommunen om dispensasjonsplanane.
Hareid historielag spør seg om politikarane i kommunen vågar å ta ansvaret for å øydelegge land- og strandsona mellom Brandal sentrum og Kvitneset for all framtidig etablering.
– Det vert snakka om fleire arbeidsplassar, men ein ser andre stader at om ein ikkje har mottak eller slakteri på staden, så er det små behov for tilsette, fortel Finn Sindre Eliassen, medan Holm legg til at det kan dukke opp mogelegheiter for industri som høyrer meir naturleg heime i Brandal om ein ikkje får godkjenning for oppdrettsanlegget.
– Utenkjeleg
– Ein kan ikkje overlate denne kyststripa til eit anlegg som ikkje eingong skaffar arbeidsplassar til kommunen, eller til næringsinteresser som ikkje høyrer heime her, slår dei fast og legg til at slike område truleg vil verte endå viktigare i framtida enn dei er i dag.
– Det ville vere eit overgrep mot befolkninga som er heilt utenkjeleg, fortel Einar Holm.
Merknader og innspel kring akvakulturanlegget i Brandal kan sendast til Hareid kommune til 12. august.
Red. merk: Salmar Organic har fått høve til å gi eit tilsvar til saka, men har ikkje gitt tilbakemelding til redaksjonen innan tidsfristen.