I fylgje Møre-Nytt ynskjer brannvesenet i Volda skilting som syner når det er vassdamp i Eiksundtunnelen.

Avisa skriv at det ved fleire høve har kome meldingar som har ført til utrykking for politi, brannvesen og ambulanse, men som har vist seg å vere vassdamp.

Det har vore gjennomført tilsyn i tunnelen der det vert merka at publikum bør få informasjon om vassdamp, anten ved skilting eller eit varsel. Møre-Nytt skriv også at det er ynskjeleg å flytte bommane lenger vekk frå tunnelopninga, ettersom publikum og redningsmannskap kan verte utsette for røyk nær opninga ved ulukker samt at det er vanskar med samband ved tunnelopninga.