(NPK): På oppdrag frå direktoratet har Norsk institutt for luftforsking (NILU) tatt støvprøvar frå ti norske husstandar.

– Resultata er tankevekkjande. Analysane viser at støvpartiklane inneheld mange miljøgifter vi jobbar aktivt med å bli kvitt fordi dei kan ha både miljø- og helseskadelege eigenskapar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Funna er ein del av Miljødirektoratets screeningprogram som går ut på å leite etter miljøgifter på nye stader.

Blant stoffa som blei funne i husstøvet er det nokre som stammar frå personlege pleieprodukt og kosmetikk (siloksanar), flammehemmande middel frå elektronisk utstyr (dekloran), nokre kjem frå plastprodukt (til dømes bisfenol A) og frå perfluorerte stoff som blant anna er brukt i allvêrsjakker og kjøkkenutstyr på grunn av feitt- og vassavstøytande eigenskapar.