Tysdag skriv Smp.no at Hafast vil få planleggingsmiddel i statsbudsjettet som blir lagt fram onsdag.

Det er parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Harald Tom Nesvik, som stadfestar dette til avisa.

Til Smp. no seier Nesvik at det er viktig at arbeidet med Hafast held fram utan avbrot, og at målet må vere å få prosjektet så langt at det finn si plass i køa når den nye nasjonale transportplanen skal ut i 2017.

Statsbudsjettet blir lagt fram onsdag 8. oktober klokka 10.