Det handlar om å få fleire flyktningar inn i frivillig arbeid. Både Ulstein kommune og Hødd kallar Kafé 1919 ein suksess.
1 / 6Linda Eikrem
To rettar: Maryam frå Afghanistan, Ahmed frå Palestina og Sami frå Syria serverte lasagne og palestinsk shakria i kaféen på Høddvollhuset onsdag. Målet er å få fleire flyktningar med i frivillig arbeid, og prosjektet er eit samarbeid mellom Ulstein kommune og Hødd.