Ishavsskuta Polarstar skal setjast inn i turisttrafikk på norskekysten.

Avtalen er inngått mellom Sameiget Polarstar 2008 og firmaet Arctic Voyager i Tromsø.

Avtalen er inngått for dei neste tre åra og Tromsøselskapet har opsjon med to år ekstra.

- Skuta skal vere Ishavsmuseet si forlenga arm, og skal i all si ferd formidle den polare historia, skriv eigar Willy Nesset i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Ifølgje pressemelding skal skuta driftast på heilårsbasis og skal gå frå Brandal til Alta, og kanskje også i meir polare område rundt Svalbard og Aust-Grønland.

Denne helga feirar Polarstar 70 år. Feiringa startar med tur frå Ålesund til Brandal fredag ettermiddag, før det blir festkveld på Ishavsmuseet.

Også i helga er skuta open for publikum i samband med Brandalsdagane.

Mats Forsberg, leiar i Arctic Voyager i Tromsø saman med Polarstar-eigar Willy Nesset. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll