Sondre Grønli (21) er oppvaksen på Flø og i Ulsteinvik og er lidenskapeleg oppteken av båtar og fiskeri. På eitt år har han eigd heile tre båtar.

– Eg fekk dei gratis og hogde dei opp når dei ikkje var brukandes lenger, smiler han.

Men med den siste – og fjerde – ervervinga stiller det seg annleis.

– Eg kom over plattgatteren i Bergen. Han er bygd i USA i 1939, i mahogni, og har visstnok vore i Bergen sidan slutten av 1960-talet, fortel Sondre.

Båten er 27 fot lang, og ifølgje Sondre «utruleg fin i skroget».

Båten skal han bruke til både å fare på turar med, og til å fiske.

– Er ikkje ein plattgatter litt for fin til å drive fiske med?

– Ingen båtar er for fine til å fiske frå. Det er berre å vaske dei etterpå, svarar han kjapt.

Sondre trur ikkje det er så mange som har fiska så mykje som han frå fritidsbåtar i det siste.

– Plattgatteren kjem ikkje til å bli hogd opp så lenge eg lever, seier han bestemt.

Kva han måtte punge ut med for den stilige mahognibåten vil han ikkje ut med. Han svarar berre at det var nok.

Laurdag under Trebaatfestivalen skal båten få nytt namn. Seremonien skjer på kaia ved Quality Hotel Ulstein, og Sondre håper det kjem folk for å sjå på.

– Båten er ikkje på sitt vakraste enno. Eg har nettopp henta han frå Bergen, og har ikkje hatt tid til å pusse han. Men til neste Trebaatfestival skal han skine. Då skal han vere både pussa og olja, lovar Sondre.

Det nye namnet på båten blir forresten «Abel».

– Eg har ikkje kalla nokon opp att, eg har valt namnet fordi eg synest Abel er eit flott namn.

Fakta om plattgatter

Ein plattgatter er ein tverrskota båt med utlagd, relativt flatbotna akterende. Nemninga blir brukt mest om mindre båtar med slik akterende – for å skilje dei frå spissgatterane, som har avrunda akterende. Ein stor del av fritidsbåtane som blir selde i Noreg i dag er plattgatterar, medan dei er meir sjeldne mellom veteranbåtane.

Den utlagde akterenden gir høve til å plane, og dermed kan båten oppnå høgare fart enn ein spissgatter. Prinsippet vart truleg oppfunne i England i 1872, då det vart gjort testar med ein rakettmotor. Ein annan fordel er at ein lettare kan feste ein utanbordsmotor på ein plattgatter enn på ein spissgatter. Ei svakheit med plattgatterane er at dei ved bråstopp kan lage ei etterdønning som er stor nok til å slå over akterspeilet. (Kjelde: Store norske leksikon og Wikipedia).

Hotellkaia, laurdag 24. aug. ca. kl. 17.00