Har gått gradene: I dag er den Ulsteinvik-busette Oslo-mannen Trond-Erik Bekkevang regionsjef for Kiwi i Møre og Romsdal og sør til Florø i Vestland. Men, han starta på «golvet», med å samle flasker på bakrommet på ein butikk i Oslo som 17-åring. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Frå «flaskegut» i Oslo til regionsjef på Nordvestlandet

Han har gått gradene i daglegvarehandelen, frå å samle flasker på bakrommet til å vere sjef for 725 tilsette frå Kiwi Dale i nord til Kiwi Måløy i sør. Den Ulsteinvik-busette Oslo-mannen Trond-Erik Bekkevang brenn framleis sterkt for butikkfaget.