Sidan 23. januar har ikkje Boots apotek sine kundar kunne nytte seg av apotekutsalet. Dørene er stengd ut februar.

Sjukdom og permisjon

- Vi ser diverre store utfordringar med å engasjere farmasøytar og godkjent helsepersonell i regionen, fortel kommunikasjonsansvarleg Vibeke Hoff Norbye i Boots.

Ho informerer om at den mellombelse stenginga skuldast sjukdom og permisjon. Eit apotek har krav på seg om at minst éin godkjent farmasøyt er tilstades for at apoteket skal kunne halde ope. I Ulsteinvik har dei tre tilsette farmasøytar. To av desse er ute i permisjon, medan den tredje, som er dagleg leiar, må pendle heilt frå Molde for å kunne halde butikken open.

- Det er ein vanskeleg og uhaldbar situasjon for vedkomande, legg Norbye til.

Beklagar ulempene

Norbye håpar at filialen kan opne som normalt igjen til slutten av februar. Ho beklagar ulempene dette medfører kundane deira.

- Vi har annonsert i lokalavisa, og har hengt opp synleg informasjon om dette i filialen før vi stengde.

- For kundar som har reseptar liggande, blir desse sende ut til kunden si registrerte postadresse.

Når avisa spør om stenginga kan vere eit resultat av konkurransen blant apoteka i Ulsteinvik, responderer Norbye med at det er det ikkje.

- No som vi har medarbeidarar som er sjukmelde og i permisjon, er det utfordrande å halde ope innanfor dei rammevilkåra vi har, og difor har vi valt å stengje mellombels ut februar.