Samarbeidsutvalet ved Hjørungavåg skule vil heller ha ballbinge enn BMX-bane for sykkel, les vi på Hjørungavåg si internettside (hjorungavaag.com). Problemet er at skulen alt har fått 96.000 kroner til sykkelbane. For å få foreldra ved skulen sine synspunkt på saka kalla rektor Marit Øien Sæverud inn til foreldremøte på Hjørungavåg skule sist onsdag. Også elevrådet ved skulen vil heller ha ballbinge enn sykkelbane. Skal det satsast på ballbinge, vil det skje i svært nært samarbeid med Hjørungavåg idrettslag.