Kleven og Hareid Elektriske held fram med samarbeidet
Sjølv om Hareid Elektriske er ute på eigarsida i Kleven Maritime, held samarbeidet fram. Fredag skreiv Hareid Elektriske Teknikk under på ein kontrakt som inkludert opsjonar inneber installasjon på 17 skip ved Kleven.
Hareid Elektriske Teknikk underskreiv fredag den største kontrakten med Kleven Verft nokon sinne. Fram til 2010 skal dei ha elektroinstallasjonane på 17 nye skip (inklusiv opsjonar). Frå v.: Rune Gamlen, Kleven Verft, Ronald Dyrhol, Hareid Elektriske Teknikk, Arve Holstad, Kleven Verft, Henning Moltubakk og Jarle Gjerde, Hareid Elektriske Teknikk, Ståle Rasmussen og Ole Christensen, Kleven Verft.