Saka gjeld utviding av gymsal i Larsnes, søknad om spelemidlar 2007. I denne saka fekk OPK-utvalet måndag presentert eit ferdig opplegg med tilråding om at kommunen får spelemidlar til tiltaket. Innbaka i planane ligg ei ikkje ubetydeleg kommunal delfinasiering, og ein samla kostnad på 7,9 millionar kroner, i følgje Vestlandsnytt. Hide strekar under at han generelt lovprisar alle slike initiativ frå lokale lag, også i dette tilfellet der Larsnes IL det sisite halvåret har gjort ein stor innsats for å få nødvendig dokumentasjon på plass. I planane ligg det også føre omfattande dugnadsarbeid, skriv Vestlandsnytt.