Bak Human Resource Center (HRC) står Stig Arve Larsen og Jan Henrik Johansen. I fleire år var dei einaste tilsette i firmaet, men no er staben dobla. Tre har arbeidsplassen sin på Hareid, medan Larsen har arbeidsplassen sin i Bergen. Alle dei store norske reiarlaga og riggselskapa er kundar hos HRC, og Jan Henrik Johansen slår fast at dyktige sjøfolk er svært attraktive. Per 1. juli i fjor var det i 391 norskkontrollerte offshoreskip i marknaden. Mange av dei er båtar som vart bygde så tidleg som på 1970-talet. No er i tillegg ca. 120 offshoreskip under bygging. Og dei treng mannskap. Det er ikkje berre i Noreg det er mangel på sjøfolk, problemet er verdsomspennande, opplyser Johansen. Og det er ikkje berre nordmenn som klikkar seg inn på nettsidene til HRC. Selskapet formidlar dagleg jobb til svenskar, danskar, polakkar, engelskmenn, færøyværingar, mexicanarar og sjøfolk frå Chile. Jan Henrik Johansen er overtydd om at ungdomar som satsar på ei maritim utdanning vil få seg sikre og gode jobbar. Men der vil alltid kome nokre skjer i sjøen, legg han til.

Jobb på plattform øvst på ønskelista

Det kimar i eitt sett i telefonen hos HRC. Reiarlaga treng stadig nye sjøfolk, og HRC gjer alt dei kan for å skaffe folka. Men vi kan ikkje trylle, kommenterer Johansen, som fortel at HRC har avtale med eit polsk firma som søkjer etter sjøfolk for dei i Polen. Dei aller fleste drøymer om å få seg jobb på ei plattform. Men slike jobbar er det ikkje så mange av. Høgt på ønskelista elles er arbeid på subsea- og ankerhandteringsfartøy, og aller helst på nye skip, som har meir komfort og gir frå seg mindre støy om bord i båtane. Mange ser på det å få seg jobb på nye skip med nytt teknisk utstyr som ein måte å halde seg fagleg oppdaterte på, forklarer Johansen. Rederiforbundet meiner at det i løpet av dei næraste åra er trong for 10.000 til 15.000 nye sjøfolk. Vi har ein del pensjonistar som kunne tenkje seg å jobbe litt utan at dei misser pensjonen. Årleg er det 1400 til 15000 sjøfolk som tek ut pensjon, og dersom ein del av dei kunne få halde fram i stillingane sine litt lenger, hadde det vore til god hjelp, meiner Johansen. Han peikar på at talet på pensjonistar vil auke i åra framover. Over 90 reiarlag står på kundelista til HRC, og reiarlaga treng folk også på landsida. Det same gjer skipsverfta, utstyrsleverandørar, forsikringsselskap og riggmarknaden. HRC får ein god del spørsmål frå reiarlag både i Norge, på Kypros og Tyskland som vil ha inspektørar. Så godt utdanna sjøfolk kan også få seg attraktive jobbar på land.