Det er Sunnmørsposten som skriv dette. Samtlege vidaregåande skular i bymessige område har fleire førstevalssøkjarar enn dei har plass til. Unntaket er Spjelkavik, som har 489 førstevalssøkjarar og 505 plassar. Den einaste distriktsskulen med fleire søkjarar enn plassar er Volda. Både Ulstein og Herøy manglar førstevalssøkjarar. Ulstein har 577 førstevalssøkjarar til 590 plassar medan Herøy har 289 søkjarar til 331 plassar. Særleg ille synest situasjonen å vere på indre nordre Sunnmøre - der Stranda har 196 søkjarar og 270 plassar, medan Sykkylven har 221 søkjarar og 336 plassar. I tillegg har også Haram, Vanylven, Ørskog, Gjermundnes og Ørsta færre førstevalssøkjarar enn plassar til disposisjon.