Rem Offshore ASA førebur ein retta aksjeemisjon på 150 millionar kroner ved utskriving av nye aksjar. Emisjonen er retta mot institusjonelle og profesjonelle investorar. Teikningsperioden var frå i går, måndag 12. mars klokka 09.00 og fram til fredag 16. mars klokka 16.00, men selskapet kan både korte ned eller lenge teikningsperioden. Minste teikningssum er sett til 500.000 kroner, og Rem Offshore har engasjert Pareto Securities ASA og Glitnir Securities ASA som finansielle rådgjevarar i samband med den retta emisjonen. Reiar Åge Remøy fortel til Vikebladet Vestposten at selskapet i dag har 65 aksjonærar, og at målet er å kome opp i over 100 aksjonærar. Måndag hadde ein stad mellom 30-40 investorar møtt fram for å høyre presentasjonen til Rem Offshore på Continental i Oslo. Det var dei to meklarhusa som hadde sendt ut invitasjonane, og ifølgje Remøy verka interessa å vere god. Interessa er upåklageleg. Under normale omstende vil dette gå bra, kommenterer Åge Remøy. Onsdag føremiddag presenterer Rem Offshore planane sine for investorar i amfiet til Sunnmøre Folkehøgskule på Varleitet, og ut på ettermiddagen gjentek dei seansen hos Nordea i Fosnavåg.

99 kan teikne seg for mindre enn 500.000 kroner

Begge stader har meklarhusa sendt ut invitasjonar til kapitalsterke investorar, men Remøy understrekar at interesserte som ikkje har fått invitasjon kan møte. 99 aksjonærar kan teikne seg for mindre enn 500.000 kroner. Når fristen for aksjeteikninga går ut fredag ettermiddag vil sluttprisen på aksjane bli sett. Bakgrunnen for at Rem Offshore vil på børsen er sjølvsagt at selskapet ønskjer å hente inn meir kapital. Åge Remøy peikar på at ein del av aksjonærane har vore med i Rem Maritime sidan 1998, og at nokre av desse kanskje har lyst til å lette seg litt. Rem Offshore ASA er eit framhald av verksemda som har vore drive i Rem Ship as og Rem Maritime as sidan 1998. I 2006 vart verksemda utvida gjennom oppkjøpa av Rem Marine Shipping as og Rem Provider DIS. Rem Offshore ASA vart stifta 2. januar 2006 som Rem Offshore Holding as, og skifta namn til Rem Offshore as i desember 2006 og vidare til Rem Offshore ASA 28. februar i år. Same dag søkte selskapet om børsnotering ved Oslo Børs.

Driftsinntekter på 189,6 millionar kroner i fjor

Rem Offshore ASA hadde eit hendingsrikt 4. kvartal i fjor. Resultatet før skatt vart på 34,7 millionar kroner, mot 29,4 i 3. kvartal. Inntektene auka frå 55,9 millionar kroner i 3. kvartal til 73,5 millionar i 4. kvartal, og flåten har 100 prosent utnytting. Årsresultatet for 2006 vart på 91 millionar kroner med driftsinntekter på 189,6 millionar kroner. Resultatet før renter og avskrift er 115,6 millionar kroner, noko som utgjorde ein margin på 61 prosent. Eigenkapitalen i konsernet var ved årsskiftet på 862 millionar kroner. Konsernet fekk tilført 75,4 millionar kroner frå operasjonelle aktivitetar, 744 millionar frå finansieringsaktivitetar og investerte 803 millionar kroner i 2006. Ved årsskiftet har konsernet 68,1 millionar kroner i kontantar og likvide papir. I løpet av fjerde kvartal i fjor vart det signert tre nye kontraktar, eit skip ved Kleven Verft og to ved Simek i Flekkefjord. Rem Offshore har skip på beddingen til ein samla verdi på 2,5 milliardar kroner, og går den retta emisjonen igjennom har dei nok pengar til å finansiere flåten. Åge Remøy seier til Vikebladet Vestposten at han per i dag ikkje kan gå ut med planar om nye kontraheringar. Men vi er eit selskap i vekst, og har ikkje planar om å stoppe all aktivitet frå no av, slår han fast.