AUF-leiarar har lang tradisjon for å hamne som sentrale politikarar i Arbeidarpartiet når dei veks til. Kanskje er det ein komande statsminister eller kulturminister som vitjar Ulstein vgs. komande måndag? Forutan å vere leiar i AUF sit Martin Henriksen i det mykje omtalte mannspanelet til Karita Bekkemellem. Tidlegare har han vore nestleiar i Ungdom mot EU. Frå Senterpartiet kjem Berit Ellingsøy. RV/Raudt blir representert med Edmund Walton. Linn Therese Sævik, som sjølv er elev på skulen, stiller for Kristeleg Folkeparti. Kristine T. Røren vil representere Kristent Samlingsparti. Eirik Brautaset kjem frå Sosialistisk Vestreparti. Svein Helge Hanken er der for Høgre. Jon G. Dale kjem frå Framstegspartiet og Fride Sortehaug frå Venstre. Debattantane får tre minutt kvar til å opne ordskiftet. Så blir det debatt, der elevane på Ulstein vgs. får høve til å stille spørsmål og seie kva dei meiner. Til slutt får politikarane to minutt kvar til sluttappell. Det er tredjeklasseelevar ved skulen som organiserer skulevalet. Tysdag vil skulen gjennomføre skuleval der alle elevane kan røyste på det partiet dei vil.

Listetopp for Kristent Samlingsparti i Ulstein, Kristine T. Røren, kjem.