Kaffebaren i Ulsteinvik har i dag skjenkeløyve for øl, vin og avgrensa løyve for brennevinservering i tilknyting til matservering. No har Kaffebaren søkt om å få utvide serveringsarealet for alkohol i markisebygget. Dei ønskjer at dette bygget skal sjåast på som ei utviding av eksisterande lokale og ha same tilbodet og opningstida som resten av kaffebaren. Vidare har Kaffebaren planar om å utvikle ei baravdeling, og vil difor ha utvida skjenkeløyve som omfattar både øl, vin og brennevin. Men dette vil ikkje kommunen gje dei. Sosialtenesta ser med uro kring den negative utviklinga som er i ferd med å utvikle seg på skjenkestadane i sentrum. Uro, bråk og vald i samband med skjenkestadane er eit problem. I sakpapira går det fram at gjennom forsking og god dokumentasjon veit ein at auka tilgang på alkohol gjeve auka konsum og at negative ringverknader i høve dette blir eit større problem. Kommunestyret valde difor å avslå søknaden om å utvide skjenkeløyve. Framstegspartiet sine fire representantar og Gro Anita Engh (H) røysta for å gje Kaffebaren utvida skjenkeløyve.