Tiltaket, som det vart opplyst om under blandakoret Hemingen si øving måndag, blir prøvt for første gong i år. Heile 130 enkeltpersonar har fått invitasjon om å kome heim til Flø til eit hyggeleg samkome på Flø skule laurdag den 17. mars. I tillegg er sjølvsagt også alle fastbuande på Flø inviterte. Det kan bli ein god grand folk, men fløfolket satsar på at alle får plass i gymnastikksalen.