Bakgrunnen for møtet er at Nor Teknikk Energi as fekk konsesjon for fjernvarmeanlegg i Ulsteinvik. Dei søkte så om tilknytingsplikt for alle nybygg over 750 kvm som skulle oppførast innanfor konsesjonsområdet. Men dette fekk dei ikkje gjennomslag for i kommunestyret. I staden vart det vedteke at kommuneadministrasjonen skulle be alle større utbyggarar i Ulsteinvik til eit møte, der målet var å etablere eit felles selskap for utvikling av fjernvarmeanlegg i sentrum. Ulstein kommune bør sjølv vere med i selskapet, heitte det i vedtaket.

Program

På møtet vil det bli gjeve ein del informasjon om fjernvarme. Ulstein kommune vil starte med å orientere om saka. Administrerande direktør i Tussa, Elling Dybdal, vil kome med eit innspel. Nils Ola Strand i Fjordvarme As vil fortelje om røynsler med fjernvarme på Nordfjordeid. Tore A. Nordal frå Naturgass Møre vil gje informasjon. Konsesjonshavar Nor Teknikk Energi AS vil gje informasjon og kome med sine synspunkt. Eksisterande og komande bygningseigarar i Ulsteinvik vil kome med sine innspel og synspunkt. Det vil bli orientering frå ENOVA. Og det blir drøftingar og konklusjonar om mål og vegen vidare for å nå måla.