Handteringssystema går under namnet Odim LARS (Launch and recovery system). Dette er automatiserte handteringssystem for fjernstyrte undervassfarty, såkalla ROV-ar (Remotely operated vehichles). Den siste av dei to systema skal leverast Kleven verft hausten 2008. Det er reiarlaget Rem Offshore i Fosnavåg som er sluttbrukar av systema. Reiarlaget skal nytte dei til å handsame store ROV-ar på havdjup ned til 4000 meter. Oljeverksemda vert flytta til stadig større havdjup og tøffare farvatn. For oss er det ei overordna målsetjing å drive ei kontinuerleg utvikling av automatiserte handteringssystem som fører til at kundane våre vert meir effektive i arbeidet sitt, seier Lidvar Liaset. Han er leiar for det såkalla subsea-segmentet i Odim.