Både verkstadbygget til Paul Anders Roppen og Håkonshallen til byggmeister Håkon Longva vart utsett for innbrot i helga. – I verkstadlokalet mitt var det innbrot ein eller annan gong natt til laurdag. Verkty og utstyr for mellom 50.000 og 100.000 er borte, seier ein frustrert Paul Anders Roppen til Vestlandsnytt. Hos Håkon Longva var utstyr for rundt 70.000 kroner borte. Det skal òg ha vore gjort innbrot både i naust og bilar i same område dei siste dagane. Innbrotet i ein bil på Larsnes skjedde natt til søndag, og både CD-spelar, GPS-navigator, brikke til Eiksundsambandet og lommebok skal vere sakna, melder Vestlandsnytt.
Nyhende →
Fleire innbrot på Larsnes
I løpet av helga har fleire bygningar på Larsnes hatt ubedne gjester på besøk.