Måndag 23. januar arrangerer Høgskulen i Volda (HVO) «Ut i jobb-dagen 2012».

Dagen er tenkt som ein møteplass for grunnskule- og førskulestudentar ved HVO og arbeidsgjevarar innanfor skule- og barnehagesektoren i regionen.

– Det er eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft i barnehage og skule regionalt og nasjonalt, så studentane våre er attraktive på arbeidsmarknaden, seier studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Møteplass for studentar og arbeidsgjevarar

Det er tydeleg at kommunane både i Nordfjord og Møre og Romsdal ser på arrangementet som ein viktig møteplass for rekruttering og for å skape interesse for skulen og barnehagen som arbeidsplass.

Mellom dei som har meldt si interesse for å ta del, er både ordførarar, rådmenn, einingsleiarar med ansvar for rekruttering, rektorar og representantar frå arbeidsorganisasjonane.

– Det å skape ein møteplass mellom HVO-studentar og framtidige arbeidsgjevarar er ein veldig god og spennande tanke. Meir aktive partnarar er avgjerande viktig for å sikre rekruttering til læraryrket framover. Kommunane står overfor eit generasjonsskifte når det gjeld lærarar i skulen, og fleire enn høgskulen må ta ansvar for å sikre rekrutteringa, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

Positive

– Dei studentane vi har snakka med så langt, er svært positive til dette arrangementet. Dei synest det er spennande å få møte framtidige arbeidsgjevarar på denne måten. Eg vonar at så mange som råd møter opp denne dagen, seier studieleiar Mjellem Tonheim.

Seminar om rekruttering

«Ut i jobb-dagen 2012» den 23. januar er todelt. Dagen opnar med eit seminar for skuleeigarane.

Seminaret set fokus på kva kommunane kan gjere for å sikre kompetanse og kvalifiserte lærarar og førskulelærarar framover.

Messe og møteplass

Etter lunsj vert messeområdet i Berte Kanutte-huset opna for utstillarar og HVO-studentar. Dei ulike kommunane får eit godt høve til å presentere seg og informere studentane om kompetansebehov og snakke om kva dei kan tilby nye medarbeidarar. Høgskulen i Volda har om lag 400 studentar knytt til førskulelærarutdanninga, allmennlærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og praktiskpedagogisk utdanning (PPU).

Lærarmangel

Behovet for gode lærarar i skulen er stort, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Med ei lærarutdanning frå Volda er ein i praksis sikra jobb.

Tidlegare rektor ved HVO og samfunnsforskar Jørgen Amdam peikar på at 30 prosent av lærarane i fylket er over 55 år. Mange nærmar seg altså pensjonsalderen. Ifølgje Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år.

Også Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er uroleg over lærarmangelen.

– Udanningsforbundet ønskjer å ta ansvar. Difor er vi aktive i det rekrutteringsarbeidet som må gjerast mellom anna ved å ta del i GNIST-partnarskapen. Skuleeigarane har ansvaret for at kommunane har nok kvalifiserte lærarar i sine skular. Difor er det heilt naudsynt at dei mobiliserer. Kvalifiserte lærarar er som kjent ein av dei viktigaste faktorane for elevane si læring, seier nestleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Borghild Moe frå Utdanningsforbundet. Foto: pressefoto
Rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda. Foto: pressefoto