Bourbon Monsoon i kai ved Ulstein Verft i 2007. Foto: Anne Gry Eilertsen/arkiv

Det einaste mannskapet ser ut av vindauget i rorhuset er vatn.

Offshorefartøyet Bourbon Monsoon med mannskapet på 15 la seg i ro onsdag, for å vente på betre vêr på Oseberg-feltet i Nordsjøen, fortel overstyrmann Kim-André Brudal frå Tromsø.

- Vi har 15 meter høg sjø og det bles friskt, 80 knop med storm i kasta. No ligg vi berre å ventar på betre vêr, fortel han til nordlys.no

Dei forventar at vêret held seg til fredag.

Moderne skip frå Ulstein

Han er ikkje uroleg for sikkerheita om bord. Bourbon Monsoon er bygd i 2007 og har ein X-bow frå Ulstein i front.

-Baugen gjer at bølgjene prellar av. Det er ein veldig god sjøbåt. Designen er ganske spesiell, og båten fungerer veldig bra når baugen er i sjøen. Vatnet renn berre bakover langs baugen, forklarer Bruland.

Han legg til at styrhuset er det høgaste punktet på båten, og oversikta er dermed svært god.