Det har fleire gonger vore etterlyst markeringar av farlege soner når isen frys på Grimstadvatnet. Det er ikkje alle - og særleg ikkje tilreisande - som veit kvar det er farleg å gå. Jon Åge Gjerde fortel historia slik: - Det var alt mørkt, men fleire personar heldt det enno gåande ute på isen. Ei gruppe av oss hadde vore ein tur langt fram i vatnet - på "innsida av Kaldholosen". Nokre av oss var lokalkjende, men brått tok ein mann frå Ulstein ein skummel kurs mot råka frå Kaldholosen. Vi ropte til han, men han høyrde truleg ikkje - og brått var det gjort: Mannen gjekk rett gjennom isen, og ei stund etter ropte han om hjelp. - Det viste seg heldigvis at dette ikkje var den djupaste plassen. Vatnet rakk mannen om lag opp til brystkassa. Men hadde det vore ein unge, kunne det fort ha vorte meir alvorleg, meiner Gjerde.

Drog opp med tau

På isen var der også ein mann med ein schæfer. Først tenkte ein å skulle prøve å dra mannen opp på isen ved hjelp av halsbandet til schæferen, men det var for kort. - Så sprang ein av oss opp i bilen sin og fann ein taustump, som så vart skøytt på halsbandet. Dermed kom mannen seg opp på isen. Det vart også tilkalla ambulanse, men mannen var i god form og køyrde sjølv heim att i eigen bil, fortel Gjerde. Dramaet utspelte seg om lag 100 meter frå vasskanten på Grimstad-sida, midt på vatnet og i retning Kaldhol-osen om lag midt på vatnet. Straumen frå Kaldholelva går rett mot "Iverland", det vil seie Ivergarden (Håvard Grimstad) - og det er her det er mest farleg å nærme seg Kaldholosen. Utanfor her kan det også vere litt djupt enkelte stader. Dei som vart involverte i uhellet tysdag kveld etterlyser nokon som kan ta ansvar for å merke dei farlege sonene i vatnet. - Kan ikkje eit forsikringsselskap ta ansvaret og setje opp markørar? spør dei. Det er ikkje lenger sidan enn i fjor at ei jente gjekk gjennom isen i Grimstadvatnet.

- Sjå opp for oppkomesone i Snipsøyrvatnet!

Samtidig ringer Malvin Nesset og ber folk sjå opp for ei oppkomesone i Snipsøyrvatnet - utanfor Morkalandet - der vatnet ikkje frys. - Eg har sett folk kome farleg nær dei siste dagane, opplyser han.