Eigentleg var planen å flytte Snoezelen-tilbodet frå Kompetansesenteret på Reiten til Holsekerdalen 24 før sommaren, men etter ein del protestar vart flyttinga utsett til politikarane fekk handsame saka.

Neste veke skal saka opp i fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne og Levekårsutvalet. Deretter går saka til formannskapet og kommunestyret.

No er det etablert ei Snoezelen-avdeling i Holsekerdalen og ei på Reiten. På Reiten heldt dei opphavleg til i 3. etasjen, men dei lokala vil kommunen no leige ut, så Snoezelen er flytta til 1. og 2. etasjen. Rådmannen ønskjer å samlokalisere dei to avdelingane til Holsekerdalen 24. Tilsette ved dei to avdelingane skal byggje opp ei felles avdeling i lag.

I haust er det sju vaksne og tre born nyttar Snoezelen. Fleire av dei vaksne brukarane bur i Holsekerdalen, og blir frakta i drosje til Reiten. Ved at tilbodet er i Holsekerdalen er det kostnadsrekna at kommunen sparer 250 000 kr i året i drosjeutgifter. Vidare tenkjer kommunen å få inn 300 000 kr i året på å leige ut lokala på Reiten. – Omlegginga er av dei tiltaka i omstillingspakken som ein er trygg på gir reell driftskonsekvens, står det i sakspapira.

To ulike tilbod

Ved Ulstein kompetansesenter leverer ein snoezelen-trening i spesialpedagogisk samanheng. Medan det i Holsekerdalen 24 er etablert Snoezelen-avdeling knytt til aktivitet/terapi/trening, organisert under omsorgsetaten.

Rådmannen vurderer det slik at det er to likeverdige tilbod der avdelinga i Holsekerdalen er godt eigna til sambruk. Han vil ha dette gjennomført så snart som råd, seinast innan 1. januar 2019.