Tilsynslege Natalia Overå opplyser at epidemien hadde utgangspunkt i ein pasient som vart innlagd av andre årsaker. Denne personen hadde noroviruset i seg, og dette viruset spreidde seg svært fort i miljøet. Også mange som har besøkt sjukeheimen i denne perioden er blitt smitta. - Noroviruset er svært smittsamt, fortel Overå. - Men utslaga varierer frå person til person. Det vanlege er først å kaste opp - og deretter få diaré. Andre får berre diaré eller berre oppkast. Eller dei føler seg berre uvel. - Har epidemien fått alvorlege konsekvensar? - Nei, vi har pasientar som av ulike årsaker har svakt immunforsvar, men dei dødsfalla som har vore, har ikkje vore på grunn av denne epidemien. - Kor lang tid går det frå smitteoverføring til utslag? - Neste dag. - Og kor lenge bør ein person som er smitta halde seg unna andre personar? - Frå ein har kasta opp skal ein helst halde seg borte frå jobb, skule, barnehage o.s.v. i to dagar. Men det er klart at i hektiske tider som dette, så prøver mange å kome tilbake før. Sjølv om epidemien no har avteke, reknar Overå med at der enno er smittefare. Dei som besøker sjukeheimen, blir derfor oppmoda om å beskytte seg på best muleg måte - bl. a. ved å bruke munnbind, hanskar o.s.v. Å vaske seg på hendene er også uhyre viktig. Norosviruset smittar svært lett.
Nyhende →
Sjukeheim råka av oppkast-epidemi
For vel ei veke sidan slo ein svært smittsam oppkastepidemi til på Hareid sjukeheim. Mellom 70 og 80 prosent av både pensjonærane og pleiarane har vore råka - og epidemien er enno ikkje overstått.