Håkon Eliassen har søkt om å få bygge ein 1,4 km lang traktorveg frå Haugen i Ytredalen i Brandal - til Brandalssetra.

Føremålet med vegen er i første omgang å ta ut den stormskadde skogen der oppe. Men i løpet av dei neste 15-20 åra vil der i tillegg vere mykje fullvaksen skog å ta ut.

Under Dagmar-stormen sist jul vart området ved Brandalssetra ein av dei hardast råka plassane på øya. Eliassen reknar med at det i området er om lag 300 kubikkmeter vindfall, og han har også rekna ut at kostnaden ved å bygge ein enkel 1,4 km lang veg blir lågare enn den transportgevinsten han kan ta ut ved tiltaket. Denne gevinsten er sett til 250.000 kroner - ein sum fylkesskogsjefen rett nok synest er noko høg.

Han tilrår likevel at vegen kan bli bygd, men vil ha vegetasjonsskjerming mellom den råsa som alt er i området og den nye vegen. Han påpeiker også at traktorvegen må byggast av stadeigne masser.

Saka kjem opp i nærings- og miljøutvalet i Hareid i dag tysdag 6. november - med positiv tilråding.