Vil det vere “god butikk” for Hareid kommune å selje Tussa-aksjane? Ja, meiner FrP. Neppe, meiner dei andre.

Då Hareid kommunestyre nyleg skulle vedta den økonomiske handlingsplanen for dei fire neste åra foreslo Framstegspartiet å selje kommunen sine Tussa-aksjar.

Partiet sin talsmann Kjartan Grimstad vurderte det som dårleg butikk å sitje på aksjane. Han trudde dessutan ikkje at KLP sitt aksjeoppkjøp ville styrke sjansane for auka utbytte.

Deretter serverte han eit reknestykke der Hareid kommune fekk 130 millionar kroner for aksjane sine og deretter 3 prosent avkasting pr. år. D.v.s. 3,9 mill. kroner i året. Til samanlikning hadde kommunen budsjettert med 2,6 mill. kroner i aksjeutbytte i 2013.

- Tida er moden for å selje ut. Utbyttet har ikkje vore så stort som det kan vere. Vi løyser ikkje  dei økonomiske problema ved å selje, men viskaffar oss meir handlefridom, sa han.

Men resten av kommunestyret var lite villige til å gå inn på FrP si linje. Einar Warholm (V) minte om at Hareid sine Tussa-aksjar var B-aksjar. Dermed låg det ei begrensing i kven som kunne kjøpe, berre kommunar og fylkeskommunar. Så dei ville vere vanskelegare å selje enn A-aksjane - og kommunen ville få dårlegare pris.

- I dag eig vi cirka 6 prosent av aksjane, sa Warholm og trudde at salsprisen ville ligge godt under 100 millionar. - Om lag 80 millionar, trudde han. Med 3,5 prosent rente ville vi då kunne få i snitt 3 mill. i utbytte pr. år - om lag det same som vi får i dag. - Men sel vi Tussa-aksjane, gir vi frå oss mulegheitene til å påvirke utviklinga, sa Warholm og minte om at kraft var varige verdiar. - Dei blir ikkje vekke. Så det er ikkje lurt å selje aksjane, konkluderte han.

Ordførar Anders Riise (H) støtta Warholm i dette og meinte elles det var umuleg å fastslå verdien av aksjane i dag.