I politiloggen torsdag morgon skriv operasjonsleiar Einar A. Rostad i Sunnmøre politidistrikt at dei fekk melding om raset ved det allereie åtvara steinrasområdet langs Haddalura på riksveg 653, klokka 03.39 natt til torsdag. Det låg då ein del stein i vegbana, men det var mogleg å passere med bil. Politiet varsla Statens vegvesen.
Geolog på onsdag
Byggjeleiar Odd Einar Hjellen i drift og vedlikehald i Statens vegvesen fortel at dei er orientert om raset, og at dei henta inn entreprenør som straks byrja å rydde vegbana for stein.
– Der ligg ein del stein att inntil den noko øydelagde støttemuren. Dette vert opprydda og reparert over helga, fortel Hjellen.
Han legg til at Statens vegvesen har engasjert ein geolog, som er venta å synfare Haddalura førstkomande onsdag. Førebels trur han ikkje det er noko umiddelbar fare for fleire ras.
Visste ikkje om raset
Ulsteinordførar Jan Berset fortel til Vikebladet Vestposten at han ikkje kjenner til raset i Haddalura.
– Eg går ut ifrå at kommunen er orientert om raset frå Statens vegvesen. Det ligg ikkje føre noko beredskapsmelding. Då hadde eg fått beskjed, understrekar ordføraren.
Berset fortel at han no vil utfordre vegvesenet til å ta tak i saka.
– Raset er gjenstand for drøfting med vegvesenet. Eg vil no ta turen inn til Haddal for å sjå omfanget av raset, fortel Berset, som avslutningsvis er glad for at ikkje nokon vart skadd som følgjer av raset.
Fekk stein på tomta
Ulstein Betongindustri er næraste nabo til Haddalura. Vidar Moldskred i Ulstein Betongindustri fortel at Haddalura ikkje har vore betrakta som farleg for dei, men vedgår at stein frå raset torsdag trefte den ytre delen av tomta deira.
– Den er ikkje til fare for oss. Det er verre for trafikken forbi ura. Her trengst ein større og kraftigare rassikringsmur, avsluttar Moldskred.
70–80 år sidan sist
Ei eldre kvinne frå Haddal fortel at det siste raset i Haddalura av større art, skjedde for om lag 70–80 år sidan.
Då var raset så stort at det ikkje var mogleg å kome forbi med transportmiddel. Difor måtte dei den gongen klatre over dei store steinane for å kome seg heim til Haddal.