Om lag klokka 17.00 rykte mannskap frå Ulstein brannvesen ut til ei adresse i Holsekerdalen.
Meldinga gjekk ut på at ein røykalarm tilknytt eit alarmselskap skal ha løyst seg ut grunna ein gjenstand som hadde lagt seg eller falt over ein koketopp eller ei plate.
Huseigaren var heime.
Brannmannskapet kom raskt til staden og kunne etter kort tid returnere til stasjonen.
Då var risikoen for brann avskriven.