17. mai blir det verken friluftsfest eller folkefest om kvelden i Ulsteinvik. I staden blir det storsamling på Sjøborg klokka 16 (4).

Dette er den viktigaste endringa i opplegget for 17.-mai i Ulsteinvik i år, fortel Brita Hofseth Hatløy, leiar av 17.-maikomiteen.

Ho legg til at det er gratis inngang på denne folkefesten.

Hovudtalar i år blir Hanne Notøy, medan Ruben Voldsund skal leie festen, som byr på varierte innslag: Korpsmusikk, song av Ten Sing, turnoppvisning, jonglering, vising av “Ulsteinfilmen”, allsong med meir. Russepresident Martin Bigset vil også ha ordet.

Ulsteinvik skulekorps har fått i oppgåve å starta festen med nasjonalsongen.

I tråd med denne innstramminga av den offentlege festivitasen 17. mai bør publikum merke seg at folketoget klokka 15 i år ikkje går opp til ungdomsskulen, men endar på Kulturalmenningen - der det også startar. Og derifrå er det kort veg til Sjøborg.

Barnetoget klokka 10 går den vanlege ruta frå Fredheim og opp Kyrkjebakken.