Norled melder på nettsida si at B-ferja mellom Hareid og Sulesund no skal vere tilbake i normal drift.
Ein times tid var ferja Ullensvang ute av drift på grunn tekniske problem. Det danna seg lange køer i filene på Hareid ferjekai medan berre ei ferje trafikkerte sambandet. Det var mange bilar som ville over fjorden denne førjulslaurdagen.
Men sidan klokka eitt skal ferja ha gått som normalt.