Det er Sunnmørs politidistrikt som kjem med meldinga om at det er ulovleg å sende opp naudbluss i samband med nyttårsfeiringa.

Etter fleire brannar ved nyttårsskiftet i fjor går brann og politi i Møre og Romsdal ut med ei felles påminning om forbodet.

Forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff er klar på reglane som gjeld: "Pyrotekniske artiklar og gjenstandar skal brukast til det føremålet dei er bestemt for, og i samsvar med den rettleiinga sm skal fylgje vara".

- Når naudbluss blir brukt til det dei skal, ute på sjøen, er dei ikkje farlege. Fare oppstår først når desse fallskjermrakettane landar i busetnad eller i skog og lyng. Eit naudbluss er svært brannfarleg, opplyser politiet.