Det kan vi slå fast etter at ein stor dugnadsgjeng i Pilskog og Overå Velforening gjennomførte prosjektet no før jul.
Ragnhild Nedrelid, som er leiar for velforeninga, fortel at Vegard Overå i september lanserte tanken om at bygda burde få på plass ei slik stjerne som kunne lyse opp og vere til stas og oppmuntring i den mørkaste tida på året.
Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som gjekk i forhandling med Telenor om å få løyve – og elles tilgang til straumnettet deira ved masta på Hjørungneset. Løyvet kom heilt i starten av desember, og sidan då har ein stor dugnadsgjeng gjort ein kjempeinnsats for å få lys i stjerna. Det ligg svært mykje arbeid bak.
– Eigentleg tenkte vi at stjerna kunne stå på sjølve fjellryggen og lyse både for Vartdalsstranda og for innbyggarane i Hjørungavåg og store delar av Hareid sentrum. – Men det fekk vi ikkje lov til, blant anna på grunn av faren for lynnedslag og forstyrring av lydbølgjer. Så vi måtte plassere stjerna eit stykke nede i fjellsida i retning Liavågen. Så der ligg ho no, om lag 50 meter frå toppen, fortel Ragnhild Nedrelid.
Sparebanken Møre, Sparebank1, Ahlsell og Spenncon er sponsorar for prosjektet.
Det er meininga at stjerna skal ligge der oppe i fjellsida heile året. Ho blir ikkje teken ned. Dei dreg berre ut kontakta den 10. januar.
Stjerna er 9 meter i diameter og matchar Masdalsklova fint når månen lyser opp fjella.
- Vi har fått svært mykje respons frå bygdefolket. Dei synest det er flott at vi har tatt oss arbeidet med å få setje opp julestjerna på Hjørungneshornet. Og også facebook-sida til Pilksog og Overå Velforening har fått svært mykje "likes" for dette tiltaket, fortel Ragnhild Nedrelid.