Kåringa var i regi av Høgskulen i Volda, der Mari-Lene Korsnes frå Hareid studerer «Mat, kultur og konservering». Klassa har 20 elevar, og Mari-Lene gjekk til topps fordi juryen meinte ho formidla framgangsmåten på dei gamle oppskriftene på ein ypparleg måte, og i tillegg hadde ein estetisk vakker blogg.
– Eg har alltid vore glad i å lage mat, og for nokre år sidan byrja eg også å blogge. Etter kvart sneik det seg inn ein tanke om at det kunne vere greitt å få seg eit utdanning innan matlaging også, fortel Mari-Lene.
Løysinga vart å begynne på lina for «Mat, kultur og konservering» ved Høgskulen i Volda. Når dette studieåret er omme, vurderer ho å ta pedagogikk, slik at ho kan undervise i matlaging.
Mari-Lene er oppvaksen midt i byggefeltet Geilane på Hareid. Matinteressa meiner ho at ho har arva frå faren, Leif-Martin.
– Pappa har alltid likt å stå ved grytene for å prøve seg fram til gode smakar, og det har alltid blitt noko av det. Han har drive med tørrsalting, laga klippfisk og lutefisk frå grunnen og styra på med tørking av kjøt i eit uthus han har fått bygt seg. Det er han som har lært meg å lage mór også, fortel Mari-Lene.
Sjølv om ho no er fulltidsstudent, og i tillegg har deltidsjobb ved Kapp Ahl i Ulsteinvik, tek ho ikkje snarvegar i matlaginga.
Serverer aldri posesuppe
– Eg lagar alt frå grunnen, og serverer aldri posesuppe. Det skjer absolutt ikkje, det er i alle fall mange år sidan sist, legg ho til.
No nærmar det seg jul, og Mari-Lene har baka både lefser, flatbrød og småkaker.
– Det er viktig å ha eit kjøken som toler mjøl, slår ho fast.
Av og til kallar Mari-Lene seg sjølv for «bestemor», for ho innser at interessene hennar er litt gammaldagse. Strikking likar ho også.
Faren Leif-Martin har altså vore ei viktig inspirasjonskjelde for henne, og ho trur han igjen har fått interessa for mat frå mor si, Margot.
– Farmor var frå Berlevåg, og eg minnest med fryd familieselskapa på Korsneset. Sjølv under dei minste selskapa bogna bordet av kaker.
I tillegg til skulebloggen har Mari-Lene også ein privatblogg:
BLOGGING HAR GJORT STUDIET MEIR KJENT
«Mat, kultur og konservering» har vore eit studium ved Høgskulen i Volda sidan 2003. Men etter at studentane byrja å blogge, har studiet vorte meir kjent.
Kari Ryslett er emneansvarleg for studiet ved Høgskulen i Volda. Ho opplyser at studiet har 10 samlingar i løpet av skuleåret, og at det gir 30 studiepoeng. Kvar samling har eit eige tema.
– Studiet har både ein praktisk og ein teoretisk del. Studentane får blant anna lære om matkultur, konservering og korleis folk tok vare på maten før i tida, fortel Ryslett.
Dei 19 elevane i år er i alderen 19–32 år. Blant arbeidsoppgåvene deira er å skrive ein blogg om sylting, safting, hermetisering, konservering av kjøt, tradisjonsbakst og takkebakst. Med desse blogginnlegga lærer studentane seg å vere digitale og å formidle matkultur. Men blogginga skal vere fagleg, og studentane må ha med både kjeldetilvising og litteraturliste. Mat, kultur og konservering er ei halv årseining, og inntaket er generell studiekompetanse. Ein del av studentane kombinerer det med «idrett og helse» til ein bachelor. Barnehagelærarar kan bruke det til påbygging, og det finst også ein del som tek studiet for å kunne bruke kunnskapen i museumsarbeid eller til produksjon av lokal mat.
– Vi har også studentar som vil ha det til livet sitt. Vi ser at det er mange unge som har lyst til å få mattradisjonar inn i livet, seier Kari Ryslett.