Berre ordførar Anders Riise ville imøtekome søknaden frå SalMar om å få drive lakseoppdrett i Brandal og ved Teineberget.

Laksegiganten Salmar Organic har klaga på Hareid kommune sine vedtak om å ikkje la dei drive med lakse- og regnbogeaure-oppdrett i Brandal ved Teineberget (Alsstranda).

Klagen var oppe til handsaming i Hareid formannskap tysdag 10. juni.

Rådmann Bent Arild Grytten si tilråding gjekk ut på å halde fast på det tidlegare vedtaket. Og at klagen dermed ikkje skulle takast til følgje. I forslaget til vedtak heiter det også at klagen skal sendast vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Ordføraren vart åleine

Ordførar Anders Riise (H) fremja forslag om å gjere om inkje det førre vedtaket, og i staden imøtekome søknaden frå SalMar Organic AS og gi dispensasjon frå kommuneplanen. Men han fekk ingen med seg.

Ordføraren har med velviljen sin til Salmar blitt skulda for å gå imot folkeviljen. Men Riise seier til Vikebladet Vestposten at han ikkje oppfattar det slik:

- Det er rett at der er ei aksjonsgruppe på 5-6 engasjerte personar som har samla inn i overkant av 220 underskrifter. Men tilbakemeldingane som eg får går ut på noko anna, både frå næringslivet og privatfolk. På bordet til formannskapet låg også eit brev frå dei to suverent største grunneigarane ved Teineberget, som ikkje har noko imot etablering.

- Treng sårt pengar

Salmar Organic har tilbydd Hareid kommune pengar for å få etablere seg, og Anders Riise synest det er synd at fleirtalet i formannskapet no takkar nei til ca. 5.4 millionar kroner.

- Vi er i pengeknipe. Jamfør saker om demensomsorga og skule som har versert i media. Og i tillegg treng vi sårt fleire arbeidsplassar.