Jets Vacuum har vore med på innspeinga av ein episode av Sinnasnekker’n. Der bidrog dei med både vakuumtoalettsystem og montering til ein familie i Trøndelag som hadde behov for eit ekstra toalett i huset sitt.

Episoden går på TVNorge i kveld tysdag 7. oktober.

Frå bod til flott baderom

Familien dei hjelper kunne ikkje montere eit vanleg toalett, sidan det ikkje fanst røropplegg for dette i rommet som det var aktuelt å byggje om.

Løysinga vart difor å gje dei eit vakuumtoalett som vart installert i ei tidlegare bod – som no altså er omgjort til eit flott, ekstra baderom.

Avløpsvatnet vert pumpa til eit eksisterande avløpsrør i rommet ved sidan av, noko som er mogleg takka vere vakuumpumpa som utgjer ein viktig del av toalettsystemet.

Perla av eit toalett

Toalettmodellen som vart brukt heiter «Pearl», og den fekk tidlegare i år Merket for God Design frå Norsk Designråd.

– Det var stor glede hos TV-produsenten då me kunne tilby eit prisvinnande designtoalett, som til alt overmål passa godt inn i planane for ombygginga, fortel informasjonsansvarleg Jan Kenneth Steinsåker.

Frå Jets Vacuum si side var det André Myren (distriktsansvarleg for Austlandet) og Cato Kristoffersen (distriktsansvarleg for Midt-Noreg) som var sporty nok til å stille opp på innspeling midt i ferien, og sytte for at montering av både pumpe og toalett vart fagmessig utført. TV-innspelinga var ei ny og interessant oppleving for dei begge å få vere med på.