Kontrakta sikra Mare Safety seg allereie i juli 2013, og onsdag var det duka for offisiell overlevering av den 12,5 meter lange brannbåten av typen MARE FRDC 12FF. Mottakaren var Molde brann- og redningsteneste.

- Denne nye båten vil gje ein mykje betre beredskap på Moldefjorden enn det vi har i dag. Den nye båten vil i slik måte skape ein revolusjon med tanke på tryggleiken på Moldefjorden, seier varabrannsjef Trygve Lennavik i ei pressemelding.

- Vi er elles veldig godt nøgde med samarbeidet med Mare Safety og spesielt prosjektleiar Trygve Gaustad ved Mare Safesea, seier Lennavik.

Godt utrusta

Den høgteknologiske båten er utstyrt ved dotterselskapet Mare Safe Sea i Hallebygda i Sande kommune. Mare Safety har levert liknande båtar tidlegare, men ikkje så godt utrusta.

- Den har ei brannkanon, handhaldte strålerør, brannpumpe som pumpar sjøvatn gjennom kanona, radar, varmesøkande kamera, nattkamera, ekkolodd og solid slepekrok. Dessutan kan ein frakte ein ATV på dekk om ein vil. Det er ein særs allsidig båt, seier varabrannsjefen.

Du kan lese meir om den nye brannbåten i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.