Natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann vart forfølgd i sentrum av Hareid. Fire personar skal ha vore etter mannen som også vart slått i andletet.

Politiet leita etter dei fire personane, utan resultat. Hendinga vil bli anmeldt.