Då Vikebladet Vestposten ringde Tine for å få ein kommentar, kunne dei fortelje at fleire journalistar hadde kontakta dei same dag om denne saka. Dei orsaka det som har skjedd.

– Me beklagar det som har skjedd. Sunniva Drikker er ein ryddig og profesjonell forretningsaktør, og me tek denne saka på alvor, seier dagleg leiar Lise Falkfjell i Sunniva Drikker.

Dei vel difor å skifte namn på merkevara «Gode greier». Men dei vil ikkje kaste produsert vare. Fram til dei ha reit nytt namn vil dei selje vara.

– Det gagnar ingen å kaste korkje ein god drikke eller emballasje, meiner Falkfjell.

Endringa vil skje så fort som mogleg.

"Stel" Gode Greier