Denne veka er det flyttesal på Bunnpris i Ulsteinvik. Lokala skal tømmast. Onsdag flyttar dei inn i nye lokale ved Amfi, under lensmannskontoret.

Då Vikebladet Vestposten tidleg onsdag ettermiddag var innom var det nokre varegrupper som byrja i tømmest, men her var framleis ein del mat og daglegvarer igjen. Ein av kundane me møtte på var Ole. R. Wågen. Han var der og kjøpte ein god del lyspærer. Wågen har både høns og sauer som treng lys. Han seier til lokalavisa at han vil sakne Bunnpris etter dei flyttar bort i nye lokale, det blir ikkje like lettvint for han å kome seg bort dit.

Phatharawadee var like smilande som alltid mot kundar der ho rydda i butikkhyllene.

Førstkomande onsdag (22. oktober) blir det stor opningsfest i dei nye lokala.

Phatharawadee rydda i hyllene.