Det var romprogrammet i det planlagde helsehuset som stod på dagsorden i kommunestyret. Det syner eit samla behov for nærare 2.500 kvadratmeter nettoareal, og tanken er at legesenter, helsestasjon, ressurssenter, Nav og fylkestannhelsetenesta skal inn. Det er estimert ein pris på 112 millionar kroner, pluss 15 prosent.

– Nytt helsehus er ei utruleg viktig sak for innbyggjarane i Hareid. Romprogrammet er ikkje ferdig, men framdrifta er god, og det er bra, slo Oskar Grimstad (Frp.) fast.

Men Grimstad er ikkje så nøgd med at det berre er snakk om estimerte kostnadsrammer.

– Eg håper vi snart får realistiske summar på bordet. Realismen i kostnadene må vere på plass.

Trafokiosk

Byggenemnda for helsehuset har valt tomta der dei to husa til Holstad Rør står i dag, og desse skal rivast. På denne tomta står også ein trafostasjon, og det er Hareid kommune som skal ta kostnadene med å flytte trafoen.

– Vi har tidlegare fått høyre at det vil koste 600.000 kroner å flytte trafoen. No viser det seg at det kanskje vil koste 1 million kroner, og at det med eit så stort bygg som helsehuset kanskje trengst tre trafoar. Då er vi oppe i tre millionar kroner, om lag halvparten av det kommunen kunne kjøpt tomta ved Hamnesenteret for, sa Grimstad.

Han fryktar kostnadene med tomta til Holstad Rør, kan kome til å auke.

- Vil prege økonomien til Hareid

Grimstad seier til Vikebladet Vestposten at det er viktig at romprogrammet går sin hurtige gang, men at han ikkje har konkludert når det gjeld val av tomt.

– Eit vedtak gjeld ikkje lenger enn til nytt vedtak er gjort, slår han fast.

Under debatten i kommunestyret understreka ordførar Anders Riise (H) at det no nærma seg ein milepæl for helsehuset. Han minte kommunestyret om at det var romprogrammet som skulle diskuterast.

– Prosjektet er såpass stort at det uavhengig av plassering vil prege økonomien til Hareid kommune i åra framover.

Riise meiner at tomta dei har peika ut er eit signal om at det skal satsast i sentrum, og at helsehuset vil gi ein meirverdi for butikkar og folk som held til i sentrum.

På tomta der det er planar om å bygge helsehus, står det i dag ein trafokiosk. I utgangspunktet har det vore snakk om ein kostnad på ca. 600.00 kroner for å få flytta han. Oskar Grimstad fryktar det kan koste Hareid kommune opp til 3 mill. kroner. Foto: Anne Gry Eilertsen