Ulstein kommune sine advokat, Øyvind Renslo er no i gang med sluttprosedyren sin. Han meiner det ikkje finst skriftleg dokumentasjon på at Glen Børge Flø vart mobba i 1. og 2. klasse ved Hasund skule. Og at det heller ikkje finst bevis for at foreldra hans tok det opp med skulen.

- Glen Børge var med på leiken

- Når det gjeld 4.-klasse, gir ein lærar skildringar som han meinte var mobbing, og det same har vi dokumentasjon på at rektor meinte.  Spørsmålet er omfanget og innhaldet i mobbinga.

Skulen sitt utgangspunkt er at Tingretten ikkje gir korrekt skildring av situasjonen. Glen Børge var  ikkje ein gut som heldt seg åleine. Det var ein gut som var med på leiken, var aktiv på fotballbana.

Renslo viste til ein uttale frå ein lærar i juni 1998, som skildrar Glen Børge er ein aktiv gut. Ein lidenskapleg fotballspelar i neste alle friminutt.

- Ikkje mobba dagleg

Renslo meiner også at Tingretten si skildring av at Løset Flø vart mobba nesten dagleg på barneskulen er ser feil, også at han ofte vart slått.

- Det er ei skildring som det ikkje finst bevis for. Elevvitna gir ikkje noko støtte for dette. Viss situasjonen var slik at han ofte vart lagt i bakken, ville elevvitna ha hugsa det. Det gjorde dei ikkje. Tingretten seier også at etter at han fekk magesjukdomen, så vart det mykje  psykisk mobbing. Elevvitna bestrider dette også. Ei utgreiing frå PPT, som hadde 3 samtalar med Glen Børge  viser heller ikkje det.  Viss det hadde vore slike episodar på skulen, så hadde det vore tatt opp i rapporten.

Skulen kan ikkje klandrast

- Eg meiner skulen ikkje kan klandrast. Det vart sett inn ei rekke tiltaka på rett tidspunkt.

Det vart gjort mange tiltak på klassenivå. Så vart PPT kopla  inn. Det vart drøfta nye tiltak. Så kom rapport frå PPT som førte til endå fleire tiltak.

Renslo sa også at Løset Flø hadde det med å springe, og at det hende det var fleire elevar mot Flø,.

- Normalt klarte dei ikkje å ta han att. Men når dei klarte det, så kunne det bli dytting, og det er uakseptbelt.

Renslo avslo heller ikkje at det vart brukt skjellsord, ord og utrykk som ikkje er akseptable. Og det tok skulen alvorleg. Skulen såg at det var mobbing. Foreldra tok det opp som mobbing.

- Skulen såg ein gut som var redd og flykta frå andre. Dei såg at Flø hadde angst.

- Personlegheitsavvik og samhandlingsvanskar

- Glen Børge Løset Flø har eit personlegheitsavvik, ei psykisk liding som er uavheng av mobbeproblematikken. Det har vanskeleggjort situasjonen. Og trigga mobbesituasjonar. Han har hatt samhandlingsproblem og vanskar med å knyte venskap. Det vart derfor sett sett saman team på skulen i 4. klasse for å jobbe med situasjonen til Flø, og PPT vart engasjert.

- Vi meiner det ikkje er sannsynleggjort at andre tiltak i skulen ville gitt eit anna resultat. Der har vore ei skadeliding uavhengig av mobbesituasjonen, sa Reinslo.

Han viste til at ein del valdshandlingar som Flø har fortalt om, bursdagsselskapet der han vart sperra inne mellom to fotballmål, og andre episodar på ungdomsskulen,  var knytt til fritida.

Renslo avslutta prosedyren sin med å seie at Ulstein kommune bør frikjennast, og få dekt sakskostnadene sine.