Onsdag kveld, kl. 20.30 kom dei tre peprande inn i Ulsteinvik sentrum med Trabanten som reiste frå Zwickau den 26. august.

Ordførar Knut Erik Engh, Ulstein Ten Sing og Nykyrkjekarane var på plass og tok imot Trabanten og teamet med stor applaus.

Reisa er heile 2976 km lang og har skapt merksemd langs vegen. Bilturen har så langt generert 29,899 kr i gåver til Ulstein nye kyrkje.

I samarbeid med ordføraren klarte Ulstein TenSing å få plass til 15 ungdomar og ein ordførar i den knøttsmå bilen. Det er tre personar meir enn det Ten Sing Zwickau fekk til.

Bilen kan både sjåast og prøvast under Ulsteinmessa 2. september.