Rådmannen sitt framlegget til budsjett og økonomiplan for dei neste tre åra i Ulstein kommune er trykt opp i to hefte. Eit trykt hefte på glansa papir med fargebilete. Her er innleiinga frå rådmannen, og oversikter innan dei ulike avdelingane og etatane. Her finn ein verdigrunnlaget til kommunen, styreingsmål og informasjon som gjev politikarane innsikt i dei ulike einingane i kommunen.

Det andre heftet er oppkopiert og stifta saman. Dette er eit tiltakshefte som syner kva tiltak som har fått plass, og kva tiltak som ikkje har fått plass i framlegget til budsjett. Her er både investeringstiltak, innsparingstiltak og nye driftstiltak.

Då administrasjonsutvalet var samla tysdag ettermiddag for å diskutere kommunebudsjettet var det fleire politikarar som rosa rådmannen for det flotte og oversiktlege dokumentet. Her var det lett å orientere seg.

Pål Grødahl (Venstre) var samd i at det var eit flott dokument, men minna om at det er ein kladd, og det på glansa papir.

Kanskje kommuen kunne ha spart nokre kroner på å kopiere det opp på matt papir, føreslo han. I budsjettframlegget står det at kommunen vil spare inn pengar ved å ha berre ein ein skrivar på rådhuset. Når det er gjennomført reknar dei med at dei tilsette skriv ut færre ark, og leigeprisen går ned. Grødahl meinte pengane til glansa papir kunne vore brukt til å heller ha ein ekstra skrivar, så kan kommunen skrive ut budsjettframlegget på skrivaren.

Dette kosta heftet

Det er Fantastiske Osberget som har laga heftet for Ulstein kommune. Dei fekk 29 925 kroner for oppsett/design av økonomiplanen. Heftet vart trykt i 160 eksemplar, noko som kosta 17 664 kroner.

Såleis vart den samla prisen 47 589 kroner. I tillegg kjem meirverdiavgifta.