Etter oppmodning frå SSR og foreninga "Hold Norge rent", tok også i år Holsekerbakken Grendalag initiativ til å bidra på årets store "ryddeaksjon". I løpet av ein time klarte ein iherdig gjeng å samle saman i overkant av 10 store søppelsekkar med avfall og eit stort plastrør frå vegkantane i nærområdet sittt.

Området som vart rydda var i hovudsak Holsekerbakken, området rundt Hovsethaugen, Spar Vi-to mot Høddvoll.

Konkurranseinstinktet vart vekt hos borna då dei høyrde at det var premie i emning når dugnaden var over, men alle borna var kjempeflinke og alle fekk sjølvsagt kvar sin is.

Holsekerbakken Grendalag oppmodar med dette alle andre velforeningar i distriktet om å arrangere ei lita dugnadsøkt, ekstra kjekt er det å få nærområdet fritt for søppel til 17.maifeiringa.