Det har vore ei trafikkulukke mellom Lanternen og Herøybrua onsdag ettermiddag.

Ein bil var involvert, og ein person blei meldt skadd som følgje av ulukka.

Ambulanse og luftambulanse var raskt på staden. Førar av bil blei tatt med i luftambulanse til Ålesund sjukehus.

Bilberginga er no ferdig, og vegen er open for ferdsel igjen. Politiet er også ferdig på staden, og tilstanden til den skadde er ikkje kjent utover tidlegare opplyst.