Løyvinga er ein del av ei satsing som skal gi Norge over 1.000 nye lærarar i barneskulen.

Ulstein får mest, kr. 1.440.932. Hareid får kr. 793.738.

Tilsaman 800 millionar

Det var i budsjettforliket for 2016 at samarbeidspartia KrF, V, FrP og Høgre vart samde om å setje inn tilsaman 800 millionar kroner til større lærartettleik på stega 1.-4.-klasse.

– Altfor mange elevar går ut av ungdomsskulen utan å kunne rekne og lese godt nok, kommenterer kunnskapsminister Røe Isaksen.

Av dei 800 millionane går ein spesiell pott på 370 millionar til dei 100 kommunane som har fleire elevar per lærar enn landssnittet. Både Ulstein og Hareid er mellom desse.

Samla ekstratildeling til dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre blir slik:

Herøy: kr. 2.017.156.

Vanylven: kr. 687.152.

Sande: kr. 616.377.

Parallelt med den auka satsinga vil det bli sett i gang eit fireårig forskningsprosjekt på effektane av auka lærartettleik.