May Helen Molvær Grimstad, som i perioden 1993 til 2009 sat på Stortinget for Møre og Romsdal Kristeleg folkeparti, er tilsett som rådmann i Sykkylven. Ho har sidan 2010 vore kommunalsjef i Giske kommune.

Molvær Grimstad seier til Sunnmørsposten at ei av dei store utfordringane hennar som rådmann i Sykkylven, blir å handtere utfordringane i møbelindustrien, som opplever svekka rammevilkår og auka konkurranse frå utlandet.