Komande laurdagdreg  Runde Miljøsenter i gang ein seriemed helgaopplevingar for folk i  området.

Kjendiskokken GundaDjupvik har som misjon å få folk til å lage god mat sjølve av ressursar vi hari nærområdet. Komande laurdag ber ho folk ta med bær  - og sylte ilag med henne på RundeMiljøsenter. Kanskje har du solbærtre, har plukka molter påfjellet eller har bær i frysaren som ikkje har vorte brukt? Det blir garantertein kjekk og morsom dag ilag med Gunda Djupvik.

Dette er det første akt i ein serie med opplevingar utoverhausten på Runde Miljøsenter. Hausten er ei flott tid til å gå på fjellet, og Rundemiljøsenter vil gjerne tilby noko attåt fjellturane i haust og inviterer tilinteressante møte med menneske og tema utover hausten.

Denne første helga blir det arrangement på laurdag, menresten av hausten vert det søndagane som skal brukast. Runde Miljøsenter opnarkafeen kvar søndag for middag og ettermiddagskaffi og håper folk  vil kombinere ein dag i naturen medopplevingar  og god mat på senteret.Utstillingane Rundeskatten , Fuglane og filmen «Havets Sølv» vil også vere opneog inngå i ein felles billett.

Programmet for søndagane vidare blir annonsert på RundeMiljøsenter sine heimesider og i lokalpressa.

Trude Teige, ørn, sau og mat

Av programmet i tillegg til Gunda Djupvik, kan vi nemne:Roald Sporstøl som vil presentere arbeidet han held på med om losane i Herøy,Flåværleia og kystpilgrimsleia mellom Stavanger og Trondheim der Herøy ogSt.Jetmund kyrkja i Vanylven er sentrale.

Vi får dei første smakebitane avskriftet som kjem. Sunnmøre sin kanskje best naturfotograf Roger Engvik, lagarfilm om ørnene i Breisundet, som han vil presentere på Runde Miljøsenter. Hanvil også fortelle og vise bilete om artige og skumle opplevingar i Rundeuragjennom eit langt fototgrafliv.

Trude Teige frå Herøy og TV2 kjem. Ho harinteressante fortellingar frå kystkvinnene som også har blitt bøker.

Dessutanblir det foredrag og utstillingar om korleis ressursen av skinn og ull fråkystsauen kan brukast og bli kunstverk av. Det er Kari Indreeide Grimstad fråHareid som tar med seg  flotte ull-  og skinnvarer for utstilling og salg.

Forfattarane ov kokeboka, Go`bitar frå besta si kokebok, tradisjonsmat fråSunnmøre, Ingebjørg Lyster og Olaug Myrvoll Hatløy kjem og kokar til oss.

Dessutan blirforskning, presentert på ein folkeleg måte, eitt av tema som blir settfokus  på Runde miljøsenter i haust.

Forskning

Dagleg leiar i Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide, seierat senteret gjerne vil  gi opplevingarogså for folk i nærområdet til Runde.

Senteretdriv forskning på hav, fugl, fisk og energi, men dette er ofte usynleg og litetilgjengeleg for vanlege folk. Han ønskjer difor å legge til rette for atsenteret skal bli opnare mot publikum.